Gode lærarar gjer faget levande

Kunnskapsdepartementet har lagt ut denne filmen i si kampanje for å rekruttere søkjarar til lærarutdanninga. Filmen er inspirerande, fin og ein liten vekkar, men langt i frå røynda i den norske skulen og dei rammevilkåra norske lærarar har. Satt på spissen eller ikkje, etter fire år som vikarlærar på ein barneskule i Oslo vert eg stadig vekk frista til å ta steget vidare og kvalifisere meg for arbeid i grunnskulen sitt mellom- og ungdomstrinn. Eg gler meg kvar gong eg går på jobb, og vert meir eg vert kjend med elevane på godt og vondt. Eg trivast saman med elevane i alle situasjonar, og ikkje minst er det å vere saman med dei når dei får a-ha-opplevingar, helst når dei aller minst ventar det, ei upriseleg oppleving. Læraryrket er det mest krevande yrket eg har vore bort i, men som lærar får ein så mykje meir enn det ein kan setje i banken. Eg trivst med store utfordringar, og trivst med varierte arbeidsoppgåver. Lurer på om det vert det PPU på meg til hausten… Har eg funne ut kva eg skal bli når eg vert større? Det er neimen ikkje godt å sei, men om det er tilfellet, så kan eg godt slå meg til ro med det for ei stund.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s