Dagens Anbefaling: Fjordnær (Geiranger Sjokolade)

I gågata i Geiranger fins det eit naust. I kjellaren fins det ein sjokoladefabrikk. Den lagar veldig, veldig god sjokolade. Med Blåskimmelost. Kraftkar er blåskimmelosten, og er ikkje dårlegare enn å ha teke gull i World Cheese Awards i Birmingham. Som osteelskaren eg er, vart eg i ekstase då eg fekk smake Kraftkarsjokoladen i kaféen/sjokoladebutikken som er i naustet over fabrikken. MAX SNYDENS var dommen. Gull i sjokolade, alle stemmer frå meg går til Kraftkar. 

Koseleg butikk med altfor innbydande utval.

Sjokolade med olivenolje. Digg.

Hans Magnus kjøpte sjokolade i lausvekt. Vi smakte sjokolade med chili, whiskey, jordbær, blåskimmelost (klår favoritt) og brunost. Enda opp med å kjøpe ein pose med favoritten og ein pose med brunost. Burde kjøpt meir. Høyrer rykter om at osten fins på Gutta på Haugen, då er det vel kanskje ein sjans for at dei står med sjokoladen om ikkje så lenge også…?

Er ikkje så nøye med fjordutsikta, men likevel: stikk til Geiranger for sjokolade!

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s