Kvifor er folk så uglade? Dei gjeng og ventar si glede frå andre. Dei skulle sjølv glede andre, so vart dei glade.

Her kjem ei oppskrift på korleis ein enkelt kan glede andre.

(Fiskegratengen kan hoppast over, utan tvil). 

Få tak i fersk fisk frå ferskvaredisken,  høvle nok ost til å dekke den eldfaste forma.
Raspe gulrøter.

Pakk tallerkar, bestikk, makaroni, kvit saus, kokt fisk, raspa gulrøter, ost og eggkvite i sekken.
Stivpisk eggekvita og skjer den inn i sausen med fisken og den kvite sausen. 

Sett fiskegratengen i ovnen og gå ein tur.

Hald fast i armkroken så ingen kjenner seg utrygg.
Nyt sommardagen og kjenn etter den friske lufta.
Høyr historia om korleis perla vart til ring.

Dekk bordet og snakk om kor lenge sidan sist ein har opplevd ekte, heimelaga fiskegrateng – akkurat slik den vart laga for over 40 år sidan.

Etter siste porsjonen (les: nei, nå er jeg så mett, og tenk så lykkelig man kan være) pakkar ein alt ein tok med i sekken, så oppvasken kan overlatast til dei yngre, og den eldre kan nyte kjensla av god gamaldags lukke, basert på heimelaga fiskegrateng og godt selskap.

Oppskrift: Besøksvenn.

Oppskrift fiskegrateng (2 porsjonar):

  • Kvit saus:
  • 1 ss smør
  • 2 ss kveitemjøl
  • 3 dl mjølk
  • ½ ts salt
  • ¼ ts pepar
  • 1 dl makaroni
  • ca. 200 g seifilet eller annen kokt fisk
  • ½ ts salt
  • ¼ ts pepper
  • 2 stk egg
  • ½ dl revet hvitost
  • 2 ss strøkavring

Framgangsmåte:

1. Smelt smør i ein kjele ved svak varme. Tilsett kveitemjøl og rør blandinga jamn. Ta kjelen av plata. Tilsett litt og litt av mjølka og rør klumpfritt mellom kvar gong. Sett kjelen tilbake på plataog kok opp medan du rører godt. La sausen småkoke i ca. 5 minutt. Smak til med salt og pepar.
2. Kok fisken.

3. Kok makaroni.

4. Ha makaroni, fisk, salt og pepar i den kvite sausen. Skil egga og bland ein og ein eggeplome inn i sausen. Stivpisk eggekvitene og skjer dei forsiktig inn med ein slikkepott.

5. Hell blandinga i ei smurt eldfast form og strø reven ost og strøkavring på toppen. Steik gratengen på midterste rille i steikeovnen,200 °C i ca. 40 minutter til den har heva seg godt og blitt gyllen.

Server med nykokte poteter og raspa gulrøter/revet eple, og tilsett litt sitron.

Til orientering held det berre med å gå ein tur, eller møtast for ein kopp kaffi. Men innimellom, då gjer det så sjukt godt å kunne dele litt ekstra.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s