Praha

Eg vil til Praha. Eg vil gå meg vill i trange smug, låne ein sykkel og sykle langs Moldau. Eg vil ete ost i ein park, og lese bøker eg ikkje har hatt tid til å starte på. Kanskje Kafka. Eg vil sove lenge, eller stå opp tidleg. Eg vil vere turist og ta bilete av store og imponerande bygningar. Eg vil ende opp på ein bortgøymd klubb og gå heim når sola står opp. Eg vil kjøpe dagsbillett til trikken og køyre rundt i byen til eg vert lei. Eg vil drikke kaffi med nokon som kan fortelle meg historier eg ikkje har høyrt før. Eg vil kunne sitte i timesvis på ein kafé og løyse sudoku utan at nokon stiller spørsmål til det. Eg vil sende postkort frå Praha.

Hei Schmiiischmoo, eg har det fint.

Kjem snart heim.

B

 

Advertisements

2 responses to “Praha

    • Praha var heilt nydeleg. Men hadde altfor, altfor kort tid. Så nok ein stad ein kan huke av på dennebyenmåegtilbaketil-lista.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s