Sedlec Ossuary, Church of Bones

Sedlec Ossuary, også kjend som Church of Bones, er eit romersk-katolsk kapell som ligg under Cemetery Church of All Saints i Kutná Hora, ein drøy time frå Praha. I kapellet skal det vere skjelett frå mellom 40.000 og 70.000 menneske, og samtlege skjelett er laga som dekorasjonar og møblar i kapellet, deriblant ei diger lysekrone av bein og knoklar som inneheld minst eit av kvart bein i kroppen.

Det heile starta i 1278 då kongen av Bohemia sendte abbeden av cistercienserklosteret i Sedlec til Jerusalem, og kom tilbake med ei krukke med heilag jord frå Golgata som han strødde over kyrkjegarden. Som følgjer av dette hadde mange menneske frå fjern og nær ønskje om å gravlegge sine døde i Sedlec. Gravlunden måtte utvidast og rundt tidleg 1500-talet vart ei gotisk kyrkje bygd ved gravplassen. Kjellaren vart brukt som eit ossuarium for å ta i mot levningane frå gravene som vart avdekka. I følgje informantane i beinkyrkja var det ein halvblind munk som fekk oppgåva med å ta opp, ta vare på og rydde i levningane.  Dei oppbevarte skjeletta i ossiariumet fram til 1870 då ein treskjerar, Frantisek Rint, fekk i oppgåve å organisere skjeletta. Resultatet vart til slutt Church of Bones, eit sjokkerande, morbid og fascinerande ossiarium…

Under ser du våpenskjoldet til Schwarzenberg, som var fyrstefamilien som engasjerte Frantisek Rint i oppdraget.

Advertisements

3 responses to “Sedlec Ossuary, Church of Bones

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s