6. mars var sist gong vi heldt på med Oppdrag Vekemålet. Då var det veldedigheit som stod for tur. Og etter dette vart det stilt. Til no.

Sidan 6. mars har dagane gått i eitt. Det har vore hektisk, altfor lite søvn, altfor mykje alkohol, altfor mykje junk,  like mykje jobb og like lite tid til å ta vare på seg sjølv. Yes, that’s how it rolled… Så no er vi i gong igjen. Roen har lagt seg etter sommarens festivalar, kickstarten på Parkteatret og det heidundrande 10-årsjubileumet som fulgte. Helsa har forfalt. Men no er vi er komne til hausten og det er tid for å ta seg tid – til Vekemålet! Vi byrjar hausten sine vekemål med å ta vare på oss sjølve.

Limita skal halde seg minimum 1 time på SATS, fire gonger denne veka. Ho skal trene godt, og tøye ut lenge.

Birgit skal kome seg 23 km (oppvarming til ski-maraton) på elipsemaskina i løp av dei 5 dagane ho er i Oslo by. (For meg er dette ei utfordring, ferdig snakka)

Vi begynner i det små, men det ser lovande ut. Limita har allereie gjennomført to av sine fire økter. Eg har kome meg 5.88 km på elipsemaskina. Det var vanskeleg. Særs vanskeleg. iPoden låg att heime utan straum. Og det å gå på SATS utan eigen musikk kan eg aldri anbefale.

iPoden står no til lading, og er klar for å få køyrt seg i morgon. Det er eg også. Om vi ikkje klarar det må vi spytte inn 200 kroner i potten.

Lukke til til oss!

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s