«Det roar seg etter Øya»

Famous last words. Det gjer jo ikkje det. Men noko som har roa seg sidan Øya er angsten for å gå ut. No snakkar eg ikkje om meg sjølv, men om besøksvenen min. Terskelen for å gjere andre ting enn å berre gå ein sikker tur har blitt særdeles lågare. Daniel og eg tok ho med på Schrøder i slutten av august, for ekte husmannskost. Då oppdaga vi at det var Fårikålsesong i september, så dit for vi i går og åt fårikål til den store gullmedalje. Veka før der igjen var eg og ho på Baker Hansen, åt bollar, drakk kaffi, skravla og køyrde quiz. I dag ringde eg ho for å minne om at Hellstrøm vert å sjå på tv i kveld. Då kunne ho meddele at ho hadde laga vafler til bror sin, ho hadde innsett at ho skulle få det til, noko ho endeleg gjorde. Herregud så glad eg er for dette. Ho er to år eldre no enn då vi først møttes. No verkar ho ti år yngre.

 

Besøksvenn der altså.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s