Oppdrag vekemåla


 

I veke 38 skulle eg kome meg 23 km på elipsemaskin. Dette i ein relativt hektisk periode. Det gjekk likevel, og oppdraget vart godkjent! Limita var på trening 4 gonger med over 1 time besøkstid kvar av gongane. Dette også i ein særs hektisk periode, og absolutt godkjent! I veke 39 var det SATS-timar som stod for tur. 3 stk skulle gjennomførast. Spinning, core og pulse-shape. Det sistnevnte var heilt jævlig, og eg var støl i fleire dagar etterpå. Skjønte fort at dette er noko som må følgjast opp, og det skal det utover hausten – når ein har litt betre tid;) Dette saman med 23km på elipse, samanhengande. Limita laga digg mat som ho aldri har tenkt på før – approved! 

Denne veka er det dags for å gjere noko for andre. Etter å ha snakka vel å lenge med besøksvenen min om «moderne mat» fekk eg servert «nei, æsj, jeg liker ikke pizza» for n’te gong. Det slo meg at ho mest sansynleg ikkje har blitt servert god pizza. Det viste seg å vere riktig. Ho har prøvd å ete Grandiosa, og vart sjølvsagt ikkje imponert. No shit… Sidan ho er så glad i ost, vert oppdraget mitt denne veka å lage ulike pizza med deilig ost, som skal få ho til å forstå at pizza ikkje er representert av Grandiosa, men av andre digge smakar. Vi er osteelskarar begge to, så denne gongen vert det ein quattro formaggio med Roquefort. Vert spennande å sjå om ho kanskje likar slik «moderne mat» litt, likevel. Delmål vert å kome seg i klatreveggen igjen før veka er omme. Helst buldre.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s