Dagens anbefaling: Lush – fighting animal testing

Eg har aldri gjort dette før, men no må eg. Dette er for godt til å vere sant. Eg har funne eit kosmetikkmerke som eg kan stå for, og som har fantastiske produkt, i alle fall dei eg sjølv har testa. No vil eg aldri kjøpe kosmetikk frå nokon andre, med mindre dei kan tilfredstille på samtlige krav som Lush kan:

  • Ingen av produkta eller ingrediensane er testa på dyr
  • Lush hanlar ikkje med leverandørar som testar på dyr
  • Dei prøvar å lage flest mogleg produkt i fast form: Dette for å spare miljøet for emballasje (og når der først må vere emballasje, er det resirkulert)
  • Dei fleste av produkta er vegan
  • Heile 70% av produkta er utan paraben (konserveringsmiddel)
  • Produkta er basert på reine og naturlege ingrediensar, og dei fleste er også økologiske
  • Lush arbeider med ei komplett transparent webside der du kan klikke på ingrediensen og sjå kvar, korleis, og til og med frå kven produktet kjem frå

Denne såpa heiter Honey, I washed the kids. Den luktar himmelsk og ingrediensane finn du her

Eg har begynt å vaske ansiktet med andre ting enn berre vatn. Og himmel! Det gjer godt! Aqua Marina er navnet, og no brukar eg denne rensen kvar morgon og kveld. Ingrediensane er mellom anna irsk mose, organisk aloe vera, noori, appelsinolje og havsalt. Etter å ha vaska ansiktet har eg følelsen av å ha vore på Spa. Det er faktisk heilt sjukt. Eg gler meg til å vaske ansiktet, og det er i seg sjølv heilt hinsides, aha-opplevinga er faktisk så digg at eg må blogge om det…Emballasjen er 100% resirkulert.

Tygg tabelettane, og børst med våt tannkost: Det skummar max.

Mascaraen. Med kun éit konserveringsmiddel, i motsetning til 5-6!

Og såpa er pakka inn som ein ost… Treng ein sei meir?

Lush fins på Byporten i Noreg, men fins sjølvsagt også på nett.

Eg kan forøvrig anbefale på det sterkaste Roots (kur til hodebunn) og ansiktskremen Vanishing Cream. For realz.

Advertisements

2 responses to “Dagens anbefaling: Lush – fighting animal testing

    • Så bra! Var innom Lush i Tallinn for første gong, og opplevde service eg aldri har sett maken til. Håpar dette gjeld samtlege utsalspunkt!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s