Haustens anbefaling: Von Porat

I går var Christopher og eg på opninga av Von Porat i 2. etage i Mathallen. Der fekk vi ei kulinarisk oppleving utan sidestykke. Anders (prrrraaaao) hadde sørga for at vi fekk eit hyggeleg 2-mannsbord og vi ana ikkje kva vi forventa, men FY FAEN kor menyen innfridde. Røykt ål til forrett, kveite til hovudrett, svinesvor servert med ein nydeleg rosépeparcocktail til mellomrett, gris frå Valdres som hovudrett nummer to, ostefat som mellomrett nummer to, og ein deilig Åkerø-eple-dessert med is.

Til kvar rett fekk vi servert drikke som var perfekt match til dei ulike rettane. Cava, hvede bryg no. 309, Grüner Veltliner Weinzierlberg 2011, Barbera D’Alba  Gisep (2009), Poiré Granit (2009), og så Rosépeparcocktailen som var særs god. 

Røykt ål med kål med andeleversaus. 

Kveita med nyplukka kantarellar. Puréen var så god at eg kunne ete ei skål med kun den. Dette var dagens vinnar. Herrejemini så godt det var! 

Alt smakte så godt, planen var å dokumentere alle rettane, men plutseleg var dei oppetne.

STIKK DIT!

#innihelvetesågodmatogdrikke

(Og takk for at vi fekk kome, Anders!)

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s