Of Monsters And Men, så fine dei er.

Dei spelte på Parkteatret  i slutten av september. Nok ein gong, ein av dei dagane det var eit privilegium å få vere på jobb. Stemninga i lokalet var nydeleg. Publikum song med, klapping foregjekk på 2 og 4, 1 og 3, folk grein av glede når dei fekk høyre yndlingslåta si, artistane var takksame og gav oss ei fantastisk oppleving frå lydsjekk til get out. Eg kjende ikkje godt nok til dei til å kunne kjenne att musikken, men dei selde likevel ut Parkteatret på kort tid. No har eg kjøpt albumet, og høyrer på dei så ofte eg kan. Plata My Head Is an Animal kostar 92 kroner på iTunes! 92 kroner, gje vekk-pris! Og det fine med iTunes-plater er at det ikkje vert hakk i dei. Sitt og kjøp!

… og så får ein med eit digitalt hefte med tekstar, bilete og snacks. Ein kan ikkje halde det i handa, og kjenne på papiret, men det er fint som fy likevel.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s