Den Store Quizjakta: Døgnvill Bar&Burger – more like a quiz disaster

Intro: Vi testar ut Oslo sine quiztilbod for å finne den aller beste. Vegen dit er lang, men fin. Vi held oss til dei som er å finne på Norges Quizforbund si oversikt. Til no har vi vore innom 7 av uendeleg mange…

Vart tipsa om denne. Den stod ikkje på Norges Quizforbund si oversikt og no forstår vi kvifor. Den bør haldast unna der i frå, av kvalitetsmessige orsaker. Vi snakkar almennquiz, tysdagar kl. 21.00 på Døgnvill Bar & Burger. Oppmøtetidspunkt: 20.00 (for å sørge for å vere sikra bord), avreise: MIDNATT. (Can you fucking believe it?)

Dei kalla quizzen for Quiz Show. Kvar var showet!? Bruk av mobiltelefon ikke tillatt, står det også, og på nettsidene reklamerer dei for: «Mobilfusk medfører buksevann.» Det var ingen som sjekka.

 

Gratis digg og snacks: Pluss i margen der altså, men fattig kompensasjon for dårleg opplegg.

Her er vi alle saman på dette flotte biletet: Eirik, broren til Eirik, Oda, Kristoffer, og meg representin» i kamerasnora.

Etter quizzen tok det over ein halvtime før resultata vart lagt fram. Fleire var utålmodige og gjekk, vi derimot brukte tida på vurdering av «Quiz Showet». Når resultatet kom, var det uansett ikkje vits i å vente: Dei las berre opp topp 3, og vi, som oftast, ligg nede og lurer på botnen – og fekk dermed ikkje plassering. Lite allment det altså!

Enno meir tid gjekk med til vurdering av quizzen då pengane låg klar på bordet, og Døgnvill har tidenes treigaste kø og køhandtering.

OPPSUMMERING: 

Døgnvill kjem nederst i plasseringa. God mat er eit stort pluss, men vi ville nok gått på Asylet framfor Døgnvill dersom vi fekk valet. Quizzen varte i to og ein halv time, og då er ein ikkje hypp på å vente lenge i betalingskø. Kort oppsummert var den oppfatta som useriøs, fjåsete og lite effektiv.

På servietten kom vi til slutt fram til følgjande PLUSSAR:

VIP-prisar i baren (52,- for eit glas raudvin) OBS! Sjå også dette punktet på minus!

+ God musikk  OBS! Sjå også dette punktet på minus!

+ Loddtrekning med kul vri: Vinn eit spørsmål, klarar du å svare får du heile potten. Dersom ikkje, går det vidare til neste. Dersom tre personar ikkje klarar å svare på spørsmåla, går heile summen vidare til neste quiz!

+ Beliggenheit (nær alle på laget)

+ Gratis nonstop og chips

+ Godt utval av mat og drikke

+ Gode spørsmål. OBS! Sjå også dette punktet på minus!

+ Pent ytre på quizdama

 + Kjekk premie: Cava, øl og anna god drikke. OBS! Sjå også dette punktet på minus!

MINUSANE:

– Spørsmåla kom i eksamens-varianten. Alle spørsmåla er stilt på eit ark, og ein skal svare innan 20 minutt. Lite sosialt og mindre quiz-oppleving der altså.

– Fjollete quizmaster

– Useriøs (vi LEIKAR ikkje quiz!)

– Topp med VIP-pris i baren, men dette hadde jo vore ekstra fint å få vite om…

– Mangel på juksesjekk. Folk hadde mobil oppe, brukte den, utan at buksevann i det heile vart nemnt!

– Musikken var éi speleliste som vart spelt om igjen og om igjen og om igjen. Slikt skal ikkje skje på nokon utestadar. Nevner det berre.

– Ein kan ikkje kalle ein quiz for Quiz Show når det er ei kunnskapsprøve og ikkje noko show i det heile. Lureri.

– 21.00 var starttidspunktet. Noko seint, spesielt med tanke på at quizzen tok altfor lang tid.

– Resultatet kom ALTFOR seint. Vi snakkar halvtime, kanskje meir enn dette. Folk gjekk heim før dei fekk høyre resultatet.

– Når resultatet først kom, var det berre topp 3 som var nevnt. Lite inkluderande og spennande for oss andre.

– Litt dyr øl, vi føretrekk ein lavare prisklasse

– Bananfluger

– Premiane: Nice premie, men etter tre timar på Døgnvill seint ein tysdag kveld er vi hypp på å gå heim! Gi oss quizzen kl. sju og cava’n rundt ti! Då snakkar vi.

– Lang kø i baren for betaling. Vi kunne nok betalt før, men vi visste ikkje at det kom til å ta over ein halv time å annonsere vinnaren, og at det kun var ein stk. treig servitør som skulle ta betalingane. Dersom du skal hit: Spring til baren når det ikkje er folk ved betalingsterminalen. Då får ein betalt i vanleg tempo!

SITAT FRÅ ODA:

«Eg prøvde å besinne meg i stad for å ver høflig, men eg virkelig **** hu damå. Funke kje å ver der».

«Blir så skuffa når noen tar quiz så useriøst som hu meheet som va quiz»master». More like a quiz»disaster».

Berre fire personar igjen (les: 15 minutt venting) til vi kan stikke. Eirik feirer! No er det ikkje lenge igjen.

RANGERING PER 28. 11. 12

1. Cafékontoret

2. Café 33

3. Collets Café

4. Beer Palace

5. Fru Burums

6. Asylet

7.  Døgnvill

8. Gamle Badet (fins ikkje lenger)

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s