Den store Quizjakta: Caféquiz på Cafékontoret

Forrige veke var vi på Cafékontoret. Dei har quiz tysdagar kl. 19.00. Almennquiz.

Denne var særs hyggeleg, med ei god blanding av vanskelege og lette spørsmål, samt musikkspørsmål innimellom, slik som vi likar det. I tillegg var der god mat, billeg øl, og ein særs sjarmerande quizvert. Klientellet var variert, og vi vart ikkje uglesett sjølv om vi var nye.  Det var vel å merke litt kniving om borda, så her må ein vere tidleg ute for å få sitteplass. Vi vil også nevne at vi opplevde usannsynlege poengsummar, og mistenkjer at terskelen for juksing er lågare på denne quizzen enn det vi har opplevd før. Men vi kan aldri sei aldri…

 

Hugsar ikkje kva plass vi kom på, men kan garantere at det ikkje var sisteplass denne gongen. Etter ei kort evaluering kom vi fram til følgjande ranking i den store Quizjakta:

 

(Gamle Badet er sjølvsagt ikkje rekna med då det er særs ueffektivt når den ikkje eksisterer)

Cafékontoret er til no nummer ein på lista. Det spørs om det vert konkurranse om førsteplassen!

Og dersom vi skulle påpeike noko: Skjerpings, servitørar! Ikkje krangle/kjefte på kvarandre når det er gjester i huset, slikt kan de halde dykk for god for!

Kommenter innlegget