Den store quizjakta: Café 33

Torsdag var Katedralen Pub & Spiseri vekas utkåra quizlokasjon, men då vi var på plass tre kvarter før quizstart  fekk vi beskjed om at vi var 2 dagar for seint ute med å reservere bord, og måtte dermed ta ei heilomvending. Café 33 vart backupen. Vi var svoltne og tørste, og hadde vanskeleg for å finne bord sidan vi kom så seint. Vi fann til slutt eit bord, men det var trangt og klaustrofobisk, og vi måtte stå heile kvelden. Heile 24 lag møtte opp på quiz denne dagen! Anar ikkje om dette er repesentativt, men det var i det meste laget for oss. Spørsmåla var kronglete stilt, og det tok ein altfor stor del av konsentrasjonen å høyre etter spørsmåla for å sjå om ein klarte å hugse kva del av spørsmålet ein skulle svare på. Ja, og dette på ein sein torsdagskveld! Det hjalp ikkje at quizmastaren (Simen Braaten) var ein sjarmis med glimt i auget, spørsmåla irriterte oss nok til å sakne Cafékontoret.

Trass vanskelegheiter i å henge med, klarte vi å kome oss på ein delt 15. plass. Dette trass i at laget Innbytterbenken retta feil, og gav oss for lite poeng. Slike glippar kan ein ikkje risikere.

Plussar: 

Kleint slagord, men får deg til å knise etterpå: «åpent for alle, både allmenn og pop, stemning på topp og fete premier»

Feite premiar

Godt varierte spørsmål, samt musikkspørsmål innimellom, slikt vi likar det

Matservering

Sjarmerande quizmaster

Minusar:

Altfor kronglete spørsmål

For mange menneske

Risikere slurveretting (Men det skal nevnast at quizverten gjorde ein god jobb på å refse dei dette gjaldt)

Den begynner ikkje før 20.00, noko som er i seinaste laget på ein torsdag, som ofte går for den store konsertdagen. (Då går ein nok glipp av konsertstart om ein skal ha med seg heile quizen)

Café 33 med sitt Grünerløkka Meisterskap går inn på ein god 2. plass. Dersom spørsmåla hadde vore i same klasse, men lettare formulert er det godt mogleg Café 33 hadde delt plass med Cafékontoret.

Kommenter innlegget