Crap Comedy – Reggie Watts

Ah, i kveld startar festivalen, Crap Åppå Park. Love it. Første komiker ut er Reggie Watts. Gler meg som eit barn. 

Det er mykje feitt på programet, men likevel kjenner at eg gler meg mest til cirque de crap, med programleiar Tor d’Evil. Tor d’Evil er morosam aleine. Men Martin Beyer-Olsen, Morten Ramm og Lars Berrum med fleire står på programmet saman med han. På laurdag gler eg meg mest til Tvungen Tekst, der Bård Tufte Johansen skal bestemme kva komikarane skal snakke om. Det lovar godt. Men herre – programmet er fullt av latterkramper.

Ein veit ein er paa dop naar…

Eg laag i fosterstilling paa mattene i restauranten og kneip aug aatt. Kvalmen var som foerste gong eg oppdaga oppkast; ei frykt for liv og doed. Hovudet verkte som eg aldri har kjendt foer, det kjendes ut som om det ikkje lenger var plass til hovudskallen, og at huda ikkje strakk til. Mellom auga var det som om to skarpe knivar hadde sete seg fast. Det var avreisedag, klokka var rundt elleve og vi hadde ei tolv timar lang reise foran oss, fraa Hampi til Mumbai. Eg visste eg maatte ete, og proevde saa godt eg kunne aa stappe i meg nokre bitar annanas for aa faa i alle fall ein liten form for energi. Om eg berre fekk nok eneregi til aa orke aa sykle den vesle kilometerstreknigna fraa Goan Corner til “sentrum” med 15-kilo sekken paa. Aa sitte oppreist var ikkje eit alternativ. Limita fekk smertestillande fraa eigaren, Sharmilla, og eg pressa i meg tabeletten med nokre slurkar vatn, og la meg tilbake i fosterstillinga. Etter ei stund kom Sharmilla bort med eit par rosa tabelettar. “It’s gonna make your nausea stop”. Eg tok dei utan aa blunke.

Kort tid etter var vi paa syklane vaare, kom oss over elva, i ein rickshaw og foer vi visste ordet av det, var ein time gaatt og vi var paa plass i bussen, klare for aa reise mot Mumbai. Eg sat meg med vindauget, i tilfelle rottefelle. Bussen kjoerte sakte ut av stasjonen, tuta og braabremsa omkvarandre, ekspeditoeren ropte “Hubli, Hubli, Hubli” saa fort at det gjekk i surr for stavingane. Over vegen staar ein fullstappa buss, med menneske i alle aldrar som stirra paa meg som om eg var fraa ein annan planet. Nokre smilte, andre heldt seg til aa glo, medan nokre tok opp hoegrehanda og vinka iherdig. Eg vinka tilbake. Og smilte. Og vinka enda meir. Til slutt enda eg opp med aa vinke til alle vi koeyrde forbi, og lo etter kvar respons eg fekk. Det var saa kjekt, eg holdt paa aa boble over av vinkeentusiasme, og i gledesrusen snur eg meg mot Limita og bryt ut: HERREGUD,  det er saa kjekt aa vinke!! Daa gjekk det opp for meg; Dette er ikkje heilt normalt.

Madame, Madame!

Limita staar i problemet som har vorte kaara til vekas utfordring, og gav sitt ytterste. Det vanskelegaste av alt: flytte seg over mot venstre, forbi det vesle overhenget. Ho var paa nippet til aa klare det naar vi hoeyrer ei roeyst kome fra fjellet lenger opp, ei roeyst som nesten hoeyres trengandes ut. “Madame! MADAME”! Limita maa bryte. Med hendene klamrande fast i steinen, tung pust, beina i bakken og blikket vendt oppover kunne ho sjaa etter ropet, om det var noko gale som hadde skjedd, om nokon hadde brukke kragebeinet, eller om nokon  laag der blant buldrestein i ein blodpoel. Ein indisk herremann kledd i kvit og blaa bomull staar paa toppen av berget og ser ned mot oss og vinkar iherdig. I venstre hand held han opp ein stor pose med vekster. “Madame! Do you need some weed”? Limita sukkar. Ser seg rundt, rismarker, tempel, stillheit, og tilbake paa den blaa- og kvitkledde mannen. “No. Does it look like I need it”?! Ho ristar paa hovudet, ser seg rundt nok ein gong, og trekker paa smilebandet. Ein absurd forespurnad var det, om lag som eit utsnitt av Karatefylla. Ho pustar djupt, proevar aa setje foetene der dei var daa ho slapp og gir alt. Denne gongen skal ho klare det. “Madame! But, madame! It’s very good quality”. “Thanks, but no”. “Don’t you smoke”? Limita ser paa meg, som om ho ber meg trylle han vekk, men sidan eg enno ikkje har laert aa trylle, vart eg sitjande i same posisjon, i stillheit og betrakte det som skjer. “No, I don’t smoke! All I want to do is climb”!

Eit lite stykke “whadup’er” Thorvald Meyrsgate-stil  i India der altsaa.

Ein onsdag i Hampi

Vi har funne bulderen som er vekas utfordring. Den er hard paa fingertuppane og paa utholdenheita, og maa delast opp i fleire vender. Forhaapentlegvis klarar vi aa setje dei saman til aa klare heile problemet. Naar sola har gaat ned syklar vi forbi rismarkene og til hovudgata der vi  leitar etter ein stad aa sja film og ete mat. I kveld er det Big Lebowski som staar for tur. Og palak paneer. Snydens.

Langt fraa kvardagen

Vi er saa langt fraa kvardagen eg kan tenkje meg. Det er verkeleg stein saa langt auget kan sjaa, og utsikta fraa toppane er rismarker, tempel, stein og vidunderlege formasjonar. Her er saa mange problem aa loeyse at ein ikkje veit kvar ein skal starte, ein veit berre at ein ikkje treng aa leite etter neste utfordring, for den er rett foran nasa paa oss.

Midt paa dagen er det for varmt til aa klatre, gradestokken stig over 30 grader  og det einaste ein gjer er aa ligge i ei hengekoeye som vuggar ein i soevn, om ein ikkje er for oppslukt i boka ein les. Alternativet er aa slaa seg til ro i ein skugge og la seg underhalde av apekattane som let seg underhalde av oss. Naar klokka naermar seg fire, er det dags for aa proeve terrenget igjen fram til sola gaar ned, og ein let seg forundre over kor vakkert det kan vere.

Eg gjev Hampi karakter 6 for aa vere ei flukt fraa kvardagen og ikkje minst er Hampi det optimale reisemaalet for refleksjon, ro og uendelege med buldreruter.

Paradis

Hampi. Buldrestein saa langt auget rekk.
” In Hampi you can spend a lifetime do bouldering and still left with many problems yet to be attempted”

Reiseklar

I september rykte det veldig i reisefoten til Limita, og eg kjende sjølvsagt på det same. “No er det på tide å planlegge reise. Eg vil attende”. Ho refererte til turen vi hadde til Marokko. Vi ville begge tilbake, men hadde og høyrt rykter om fantastiske buldremoglegheiter i Hampi, i India. Det vart India. Vi reiser i morgon. 

Planen er å lande i Mumbai i god tid til å rekke flyet vidare til Goa, slik at vi kan sove, feire nyåret og ete mat som smakar over gjennomsnittet godt. Vi har ingen andre planar enn å kome oss sørover til Kerala, og vidare til Hampi for å buldre og ligge i hengekøye og lese bok. Om lag tre veker har vi til disposisjon. Det einaste som er heilt sikkert er at Limita har fått seg ny nakkepute som har pornostoff og som ein ikkje heilt kan sjå om det er håret til Limita, eller puta når ho brukar den. Difor bilete. 

Dette vert nok siste turen Thunder-skoa mine får vere med på, og eg kjenner at eg gler meg til å erstatte dei i eit par ikkje-luktande med grep over heile tåa. Uvisst om vi har nok kalk, men det rakk eg ikkje å ordne, då eg prioriterte reise- og skjønnlitteratur. 

På grunn av hektiske dagar, Dagmar og andre distraksjonar har eg ikkje hatt riktig anledning til å gle meg. No gjer eg det. MAX. Les reiseguide, høyrer på reisemusikk og ler nok til at Limita må springe på do og spytte ut vatnet ho nettopp tok ein slurk av. Turen har allereie starta med andre ord. Namaste!

Ein veit ein er på Nedreberg når…

... ein nermast sovnar til ein konstant dur, nasa er full av pels, og ein raskt vaknar når kinnet får ein omgang med sandpapir.