Updatation

Det har skjedd litt sidan sist. Dei to første, av fire eksamen, er unnagjort og stått har eg i alle fall. Vi har hatt eksamensfest med klassen, der Andreas tok oss inn i varmen og mammaen hans laga mat, herlig mat. Det var ei god avslutning på semesteret (sjølv om det ikkje er ferdig før i midten av januar). Eg har kjøpt årets julehefte i regi av =oslo og sett ein del filmar: Babel, The Notebook (for n’te gong), Varg Veum – Tornerose, 21 gram, og til slutt Adaptation med Nicholas Cage. Den siste såg eg med ein fyr, som eg møtte i kebab-kø på laurdag, som var ganske morsom. Han var morsom på søndagen også. Men der fikk eg oppleve tidenes største skuffelse. Sidan det var lucia-dag dagen før, hadde Deli DeLuca stått på med lusekattar (eller luseklatr som det så fint stod på ein lapp foran bollane) og eg var ivrig sidan eg sjølv ikkje kunne bake dei, og kjøpte to bollar. Dei tok eg med til den artige fyren og tenkte at jau, dette skulle no bli godt. Men midt under filmen – når det var på tide med ein matbit, gjekk det opp for meg. Det var dei kjipaste lussekattane eg nokon gong hadde vore bort i. Ein kunne ikkje kalle det lusekattar i det heile!! Dei var harde som stein, ein kunne høyre ein tam tromme-lom-lom-lyd når ein slo på dei med peikefingeren, og … dei smaka pølsebrød. THANK YOU DELI DELUCA, THANK YOU FOR NOTHING!! Den artige fyren påpeika at dei såg no ut som lusekattar i det minste, DET skulle dei ha. Eg måtte seie meg einig i det, men neste gong skulle eg heller kjøpe med ein pose med pølsebrød, så vi visste kva som venta oss…

Også over til The Notebook. Filmen som får meg til å grine av å tenke på den. Eg har ikkje tal på kor mange gonger eg har sett den, men den blir berre betre og betre for kvar gong. For de som ikkje har sett den, SJÅ DEN! Det er film med flotte bilder, herlige skodespelarar og pur kjærleik… 😉 Ryan Gosling og Rachel McAddams står for hovudrollene. Eg har tenkt meg lenge om og prøvd å finne ein verdig førsteplass til den finaste filmen i verda, og eg meiner at The Notebook har fått prisen. Kan ikkje forestille meg ein finare film??..også er jo Ryan Gosling ein skikkelig godbit også då! Det er jo sjølvsagt ein bonus… 🙂

notebook

ryan-gosling2

Akkurat no er eg aktiv i jobbsøking, les til eksamen som kjem rett etter jul og lagar heilt ok mat til middag… Gladmelding: Gilbert er tilbake frå Canada for juleferien:)  På laurdag er det klart for julebord med gutane mine, og Big Bang-konsert står på programmet! HURRA!!!

Eg gler meg til å reise heim og tilbringe tid med familie og gode vener… Ikkje minst slappe av på Nedreberg og ta det roleg i form av leik, spel, vin og kos med pusane. Også skal det bli godt å vere ein stad eg ikkje høyrer femten sirener i form av politi, brannbil og ambulanser i løp av ein dag.

Er det nokon som veit om ein bra deltidsjobb til meg? Og nokon som veit kva eg kan gjere frå hausten av? Tips vert motteke med glede!

4 responses to “Updatation

Kommenter innlegget