Den Store Quizjakta: Hannibals Hybel (Beer Palace)

 

Intro: Vi testar ut Oslo sine quiztilbod for å finne den aller beste. Vegen dit er lang, men fin. Vi held oss til dei som er å finne på Norges Quizforbund si oversikt. Til no har vi vore innom 6 av uendeleg mange…

Siste quizzen vi testa i Den Store Quizjakta var på Beer Palace ein søndag kveld. Grunna oppussing var quizzen flytta til Hannibals Hybel for denne gong. Godt mogleg ein god erstattar, men vi var alle einige om at dette er ein stad vi hadde følt oss meir komfortabel på om vi hadde vore i utlandet – og ikkje på Aker Brygge (berre området får det til å gå kaldt over ryggen på oss). Det første som møtte oss var ein tease av ei gløgg-reklame. Fleire vart sugne på gløgg, men det hadde dei sjølvsagt ikkje. Lureri. Tilbake til quizrelatert informasjon: Beer Palace har same quizopplegget som Collets Café, 25 x 2 almennquiz, med musikkspørsmål innimellom. Popquizzen er vel å merke henta frå quizmeister Lars si storheitstid i quizmiljøet, frå 1999 og 2000, og dermed lite variert. Quizmeister Lars er forøvrig heilt rå. Kort, konsis, streng, men likevel lun. Han er også å finne på Collets Café!


Eirik i kjend posisjon.

Henrik var skeptisk. 

Men så var Oda fin, 

og Henrik slutta med skepsisen.

Navnet er framleis K-12, andre runde starta friskt med popquiz frå 2000. 

Anders var gjestequizzer denne gongen då vi hadde fråfall i K-12 si faste besetning. Han var happy, flink og ein særdeles god stand-in.

I djup konsentrasjon. 

OPPSUMMERING 

Plussar: 

+ god variasjon i spørsmåla.
+ Effektiv
premiar: Rundar i baren, pluss trekk av eit tilfeldig lag til trøystepremie
godt utval av øl på Beer Palace (der kan ein også spele shuffleboard utpå kveldinga)
tidspunkt: Søndag = Dei fleste kan. Tid: Kl. 19.00 = Seint nok til å kurere verste fyllesjuke, tidsnok ferdig til å kunne ta tidleg kveld, evt. rekke Frank Znort sitt første set dersom ein er hypp på meir moro

Minusar:

popquizen er ganske forutsigbar i og med at ein sjeldan drøyer seg vekk frå 2000 og 1999…

høge prisar på pils

ikkje matservering

– for høg lyd på anlegget  og sprengte høgtalarar

– ordet «sourmix» fins på drinkmenyen

RANGERING TIL NO: 

1. Cafékontoret

2. Café 33

3. Collets Café

4. Beer Palace

5. Fru Burums

6. Asylet

God jul og sånt, helsing Hannibals Hybel.

Kommenter innlegget