Den store Quizjakta: Gamle Badet og Asylet

I følgje Noregs Quizforbund  skulle det vere quiz på Gamle Badet kvar onsdag kl. 20.00. Vi trikka då til noko som nesten opplevdast som verdas ende, nettopp Lilleaker. Der vandra vi rundt for å finne Lilleakerveien 29, og Gamle Badet pub. Vi fann Lilleakerveien 29, men inget Gamle Badet.  Vi måtte då hive oss rundt å finne eit alternativ. Kunne ikkje gå quizlaus ein onsdagskveld! Kristoffer som var kveldens quizpartnar fann ut at det også fantes quiz på Asylet, ein kort halvtime etter. Vi rakk dette med god margin, og kom oss til Drammensølets Venner’s Store Kunnskapskonkurranse.

Kunnskapskonkurransen vart introdusert med eit kåseri, med følgande helsing; Vi reiste oss, vendte oss mot Drammen, reiste glaset og skåla – For Aass!  (Ja, det var litt vel stivt)
Vi kom ikkje på siste plass denne gongen, og trur nesten ikkje vi var på nest siste heller. Ein god runde med andre ord! Kort quizevalueringsmessig: Gamle Badet utgår i kåringa av vår favorittquiz. Asylet var koseleg, men i stivaste laget. Og så var det meir ein kunnskapskonkurranse enn quiz: Det var 30 spørsmål skrive opp som ei prøve, god variasjon på spørsmåla, men ikkje like kjekt som på Fru Burums og Collets, der quizkjensla var mykje sterkare.

Vi avslutta kvelden på Sawol, Murilo’s Wednesday Club. Det var særs hyggeleg.

Murilo’s Wednesday Club

Kommenter innlegget